Kom deg UT-dagen, Kjersemfjellet i Vestnes

Arrangement

Dato
2. februar kl. 12:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Arrangører
Barnas Turlag Vestnes, DNT Romsdal
Turområde
Romsdalen og Eikesdalen (se kart)
Dette arrangementet er over!

DNT Romsdal og Barnas Turlag Vestnes inviterer til den nasjonale turdagen Kom deg UT-dagen 2. februar! I år held vi til ved varmestua på Kjersemfjellet kl. 12-15.

Ta av frå hovedvegen ved Ridderkroa i Tresfjord, og følg vegen fram gjennom Kjersemdalen til vegs ende. Gratis parkering ved varmestua.

Frivillige frå Barnas Turlag Vestnes fyrer opp bålpanner og serverer pølser og nystekte vaflar. I tillegg kan du få steike ditt eige pinnebrød. Det er også mogleg å ha med eigen mat og grille eller varme på bålet. Det blir uteaktivitetar og natursti.

Kle dere etter veret! Om det er snø, vil det verte oppkøyrte skiløyper og akebakke - så ta med ski eller akebrett! Hugs sitteunderlag og varm eller kald drikke.

Kiwi Vestnes vil ha eigen stand.

Alle har ansvar for eigne born på Barnas Turlag Vestnes sine arrangement.

Arrangementet er gratis, men støtt gjerne Barnas Turlag og DNT Romsdal sitt arbeid med eit medlemskap for 2020! Prisen er kun kr. 135,- per born. Les meir om medlemskap her https://www.dnt.no/barn/

Kom deg UT-dagen, Kjersemfjellet i Vestnes

DNT Romsdal og Barnas Turlag Vestnes inviterer til den nasjonale turdagen Kom deg UT-dagen 2. februar! I år held vi til ved varmestua på Kjersemfjellet kl. 12-15. Ta av frå ...

Kontaktinformasjon: